Møt artisten SPESIAL 2019
I denne artikkelserien har det omreisande medieteamet Heidi Hattestein og David Bowen reist heim til nokre av artistane på Førdefestivalen 2019, FØR dei kom til Førde.
Urna Chahar-Tugchi og det nomadiske folket i Indre Mongolia har fått kjenne den kinesiske pisken og imperialismen, men for henne er røtene alt. Ho ber med seg ei urgammal innsikt. Folk som er på konsert med Urna, seier gjerne at det skjer meir enn det som møter auga.
Heidi Hattestein og David Bowen fekk oppleve sterke saker då dei var med fabelaktige Sarah Savoy på eit heilt spesielt fotooppdrag i Versailles utanfor Paris.
Marko Markovic og andre gypsyar har måtta kjempe for levesettet sitt i Serbia, men Marko har også måtta kjempa for retten til å velje sin eigen veg innanfor gypsykulturen.
Kroke frå Krakow var eit av dei aller første banda som spelte i det jødiske kvartalet etter andre verdskrig og utreinskinga av den jødiske befolkninga. Dei har fronta klezmer-musikken i meir enn tretti år, men også kjempa for retten til å sprenge sjangermerkelappen med å mikse fleire stilartar.