Sara Curruchich - Guatemala
Energisk musikk-aktivisme frå Guatemala
Sara Curruchich vart fødd i 1993 i San Juan Comalapa, Chimaltenango, i eit mayansk Kaqchikel-samfunn i høglandet i Guatemala. Folket hennar har ein lang tradisjon for kunst og kunnskap, og ei historie prega av i motstand og kamp. Curruchich sin musikk spring difor ut frå folket sine kollektive og individuelle kjensler, historie, minne, kultur, språk og kampar, så vel som hennar eigen, personlege ståstad som kunstnar.
Sara Curruchich er den første urfolkssongaren frå Guatemala som syng på Kaqchikel (morsmålet hennar) i tillegg til spansk, for eit internasjonalt publikum. Stemma hennar og bodskapen om kjærleik, medvit, respekt og forsvar av livet i alle sine former, har gjort at mange ser på henne som eit lysande symbol på håp.
Musikalsk kryssar Curruchich tradisjonell mayansk Kaqchikel-musikk med folkemusikk og rock, og hennar sterke engasjement for historisk minne har gjort ho kjend, ikkje berre i kunst- og musikkverda, men også i samfunnsdebattar både i heimlandet og internasjonalt. Til no har ho stått på store scener i heile Amerika og i Europa. I samband med den internasjonale kvinnedagen i 2020 spelte Sara Curruchich på Tiempo de Mujeres-festivalen i Mexico City og delte scene med Ana Tijoux og Mon Laferte.
Musikken til Curruchich er ein hyllest til urfolkskvinner over heile verda. Albumet Mujer Indígena er eit bevis på det, og her samarbeider ho med kjende artistar som Rosalina Tuyuc, Carmen Cúmez, Lila Downs, Muerdo og Amparo Sánchez. Turneen med Mujer Indígena i 2022, var innom 10 land. Sara Curruchich heldt i alt 55 konsertar og fengsla publikum med musikken og bodskapen sin. Året etter spelte ho på opningsseremonien til Folk Music Awards i Kansas, USA, deltok på Folk Alliance International og hadde offisiell showcase på SXSW-festivalen i Austin.
I Oktober 2024 imponerte ho den internasjonale musikkbransjen med ein sterk konsert på Womex i Manchester. Alt i alt - Sara Curruchich er ei gryande stjerne på den internasjonale musikkscena, og Førdefestivalen er stolte over å presentere den sterke stemma frå Guatemala i Noreg for første gong!
Sara Curruchich - vokal, gitar
NN
NN
NN