Ajaz Ul Haq - Pakistan
Drakeflygar med verdsrekord
I mange hundre år har drakar vore viktige innan kultur, religion og underhaldning. I Pakistan markerast våren med ein drakefestival der høgtflygande drakar i sterke fargar prydar himmelen. Dei symbolisera glede, fridom og nytt liv.
Ajaz Ul Haq er ein verdsleiande ekspert innan både drakeflyging og origami. Han har sett verdsrekord i drakeflyging med imponerande 1109 drakar på éi snor, ein rekord som blei sett i Drammen i 2023. Han har i fleire tiår organisert drakefestivalar, framsyningar og verkstadar for barn, unge og vaksne – både i Noreg og internasjonalt.
Med bakgrunn som biolog og forskar i Pakistan, og med ei brennande interesse for korleis kreative aktivitetar kan bidra til mental og fysisk utvikling, har Ul Haq utvikla eit unikt undervisningsopplegg der vitskap og skaparglede møtast. I over 15 år har han forska på norske klimaforhold for å utvikle dei beste materiala til drakeflyging i Norden.
Ul Haq er også sertifisert origami-instruktør frå Japan, godkjend av Nippon Origami Association, og den einaste i Noreg som er anbefalt av Japansk Ambassade i Oslo. Han har praktisert origami i over 20 år og arrangert utstillingar og verkstadar i fleire land, ofte i samarbeid med ambassadar og kulturinstitusjonar.
For Ul Haq er både drakeflyging og origami meir enn hobbyar – dei er pedagogiske verktøy og kunstformer som skaper meistring, forståing og glede hos både små og store.
Ajaz Ul Haq – drakar, origami
Konsertar
Laurdag 5. juli kl. 09.00
Drakeverkstad med Ajaz Ul Haq
Langebrua
GRATIS
Laurdag 5.juli kl.10.30
Drakeshow med Ajaz Ul Haq
Langebrua
GRATIS
Søndag 6.juli kl.12.00 - Familiesøndag
Origamikurs med Ajaz Ul Haq
Førdehuset
GRATIS